logo

Select language

Miljøpris til Eidesvik Offshore ASA

(Bildet:  Direktør Jan Fredrik Meling, Eidesvik Offshore ASA, blir gratulert med miljøprisen av fylkesordfører Torill Selsvold Nyborg og Helge Andre Njåstad, leder i kultur- og ressursutvalget.)

 

Prisen vart overrekt av leiar i kultur- og ressursutvalet, Helge Andre Njåstad, under fylkestinget sitt møte i Eidfjord 7. juni.

I grunngjevinga for tildelinga vert det trekt fram at dei nye teknologiane Eidesvik Offshore har teke i bruk, gjev stor reduksjonar i klimautslepp. Mellom anna reduserer gassdrifta CO2-utsleppa med 20 % og brenselcellene i den interne straumforsyninga halverer CO2-utsleppa i forhold til andre fartøy.

– Eidesvik Offshore ASA opererer moderne skip innan forretningsområda supply, seismikk og subsea over heile verda. Hovudkontoret ligg i Langevåg på Bømlo og dei lever i høgste grad opp til slagordet sitt: «Tradisjon for innovasjon». Fleire av skipa er utvikla av deira eigen prosjektavdeling i samarbeid med kundar og skipsdesignarar. Selskapet har utvikla, og var først i verda, med naturgassdrivne lasteskip, sa Helge Andre Njåstad ved tildelinga.

Leiaren i kultur- og ressursutvalet trekte fram at innsatsen Eidesvik Offshore ASA gjer på klima- og miljøfeltet, er i tråd med og støttar opp om visjonen i Klimaplanen for Hordaland. «Klimafylket Hordaland tar ansvar og skaper berekraftige løysingar.»

Miljøprisen er på kr 50 000. Administrerande direktør Jan Fredrik Meling tok imot prisen på vegner av  Eidesvik Offshore ASA.

Hordaland fylkeskommune sin miljøpris vart i år delt ut for 20. gong. Den første prisen gjekk til Norges Miljøvernforbund og Kurt Oddekalv. Sidan har rekkja av verdige vinnarar mellom anna inkludert lakseproblematikk, kraftliner, avfall, lokal mobilisering og skular.

Det er ikkje vanleg, men kanskje desto meir gledeleg at ei bedrift no får Miljøprisen!, poengterte Njåstad ved tildelinga.

Prisen skal vera til heider og stimulans for einskildpersonar, lag, organisasjonar eller bedrifter frå Hordaland som har utmerka seg innafor klima- og miljøvernarbeidet. – Samstundes gjev prisen oss alle ei påminning om utfordringane vi i fellesskap står overfor og får oss kanskje til å tenkja etter korleis vi sjølve innrettar oss? sa Njåstad ved utdelinga av prisen.

Eidesvik Offshore ASA er tildelt Hordaland fylkeskommune sin miljøpris for 2010. Med ny teknologi som gassdrift og brenselceller om bord i fartøya sine står Eidesvik Offshore for ei klima- og miljøvenleg utvikling av skipsfarten.

(Bildet:  Direktør Jan Fredrik Meling, Eidesvik Offshore ASA, blir gratulert med miljøprisen av fylkesordfører Torill Selsvold Nyborg og Helge Andre Njåstad, leder i kultur- og ressursutvalget.)

 

Prisen vart overrekt av leiar i kultur- og ressursutvalet, Helge Andre Njåstad, under fylkestinget sitt møte i Eidfjord 7. juni.

I grunngjevinga for tildelinga vert det trekt fram at dei nye teknologiane Eidesvik Offshore har teke i bruk, gjev stor reduksjonar i klimautslepp. Mellom anna reduserer gassdrifta CO2-utsleppa med 20 % og brenselcellene i den interne straumforsyninga halverer CO2-utsleppa i forhold til andre fartøy.

– Eidesvik Offshore ASA opererer moderne skip innan forretningsområda supply, seismikk og subsea over heile verda. Hovudkontoret ligg i Langevåg på Bømlo og dei lever i høgste grad opp til slagordet sitt: «Tradisjon for innovasjon». Fleire av skipa er utvikla av deira eigen prosjektavdeling i samarbeid med kundar og skipsdesignarar. Selskapet har utvikla, og var først i verda, med naturgassdrivne lasteskip, sa Helge Andre Njåstad ved tildelinga.

Leiaren i kultur- og ressursutvalet trekte fram at innsatsen Eidesvik Offshore ASA gjer på klima- og miljøfeltet, er i tråd med og støttar opp om visjonen i Klimaplanen for Hordaland. «Klimafylket Hordaland tar ansvar og skaper berekraftige løysingar.»

Miljøprisen er på kr 50 000. Administrerande direktør Jan Fredrik Meling tok imot prisen på vegner av  Eidesvik Offshore ASA.

Hordaland fylkeskommune sin miljøpris vart i år delt ut for 20. gong. Den første prisen gjekk til Norges Miljøvernforbund og Kurt Oddekalv. Sidan har rekkja av verdige vinnarar mellom anna inkludert lakseproblematikk, kraftliner, avfall, lokal mobilisering og skular.

Det er ikkje vanleg, men kanskje desto meir gledeleg at ei bedrift no får Miljøprisen!, poengterte Njåstad ved tildelinga.

Prisen skal vera til heider og stimulans for einskildpersonar, lag, organisasjonar eller bedrifter frå Hordaland som har utmerka seg innafor klima- og miljøvernarbeidet. – Samstundes gjev prisen oss alle ei påminning om utfordringane vi i fellesskap står overfor og får oss kanskje til å tenkja etter korleis vi sjølve innrettar oss? sa Njåstad ved utdelinga av prisen.

Your Partner in Shipping

EIDESVIK OFFSHORE ASA / phone +47 53 44 80 00