logo

Select language

Gigantskip på sjøen

Nye linker:

Les artikkel i Haugesunds avis (27.10.2008)

Se spennende nettside m/film om det innovative X-Bow designet:

Lær om Eidesvik sin innovasjonshistorie:

 

- Sjøsettinga gjekk fint føre seg, og Viking Poseidon vart liggande som ein

gigantisk fargeklatt ut på Ulsteinfjorden før ho vart slept til kaia ved

Ulstein Verft. Her vil skipet verte ferdigutrusta før levering i desember,

fortel dokkansvarleg John Hatløy i Ulstein Verft.

 

Eidesvik Offshore er eit reiarlag som held til på Bømlo, og er kjende for å

ha høg fokus på miljø og innovasjon. Dette er første fartøyet Ulstein

byggjer for Eidesvik. I 2010 skal Ulstein også levere to avanserte

seismikkfartøy av typen ULSTEIN SX120 til reiarlaget fortel Hatløy vidare.

 

Det nye skipet er eit stort subsea-konstruksjonsfartøy, type ULSTEIN SX121

med ULSTEIN X-BOW®-design. Det er 130 meter langt, 25 meter breitt og har

eit dekksareal på 1720 m2. Fartøyet vil kunne ha eit mannskap på inntil 105

personar. Skipet vert mellom anna utrusta med ei 250 tonns kran, ROV-hangar

og helikopterdekk. Skipet vil ha dieselelektrisk framdriftssystem.

I april i år inngjekk Eidesvik ei langtids kontrakt med Veolia ES Special

Services Inc. (USA) på dette skipet. Kontrakten er på 8 år med opsjonar.

 

Søndag kveld den 21 sept 08 vart ei ny kjempe sjøsatt frå Ulstein Verft. Viking Poseidon er 130 meter langt og 25 meter breitt og skal leverast til Eidesvik.

Nye linker:

Les artikkel i Haugesunds avis (27.10.2008)

Se spennende nettside m/film om det innovative X-Bow designet:

Lær om Eidesvik sin innovasjonshistorie:

 

- Sjøsettinga gjekk fint føre seg, og Viking Poseidon vart liggande som ein

gigantisk fargeklatt ut på Ulsteinfjorden før ho vart slept til kaia ved

Ulstein Verft. Her vil skipet verte ferdigutrusta før levering i desember,

fortel dokkansvarleg John Hatløy i Ulstein Verft.

 

Eidesvik Offshore er eit reiarlag som held til på Bømlo, og er kjende for å

ha høg fokus på miljø og innovasjon. Dette er første fartøyet Ulstein

byggjer for Eidesvik. I 2010 skal Ulstein også levere to avanserte

seismikkfartøy av typen ULSTEIN SX120 til reiarlaget fortel Hatløy vidare.

 

Det nye skipet er eit stort subsea-konstruksjonsfartøy, type ULSTEIN SX121

med ULSTEIN X-BOW®-design. Det er 130 meter langt, 25 meter breitt og har

eit dekksareal på 1720 m2. Fartøyet vil kunne ha eit mannskap på inntil 105

personar. Skipet vert mellom anna utrusta med ei 250 tonns kran, ROV-hangar

og helikopterdekk. Skipet vil ha dieselelektrisk framdriftssystem.

I april i år inngjekk Eidesvik ei langtids kontrakt med Veolia ES Special

Services Inc. (USA) på dette skipet. Kontrakten er på 8 år med opsjonar.

 

Your Partner in Shipping

EIDESVIK OFFSHORE ASA / phone +47 53 44 80 00